Sist veke blei me stadig satt inn i nye problemstillingar og fekk sjå saken frå fleire vinklar. Gruppa Nova er framleis litt øre etter all informasjon og diskusjon, og me er no usikre på om bevissthet og merksemd rundt Kolibri-prosjektet er den riktige vegen å gå. Kva er viktigast, å gjere fleire merksame, hjelpe dei å bli økonomisk uavhengige eller er det heile strukturen ein bør ta tak i? Mange tema heng saman, noko som gjer at det er vanskeleg å fokusere utelukkande på eit av dei. Me har òg hatt i bakhovudet ulike media som kan brukast. Skal det lagast ein ny logo, bør det vere noko interaktivt, eller noko heilt anna?
Tankane har som sagt gått i mange forskjellige retningar, og det har blitt skrive mange notater og teikna mange skisser. Her er ei av dei siste skissene, som beskriv ein brøkdel av mange tankar.
Ein annan ting me snakka om i førre veke, er korleis ulike strukturar kan påverke eit samfunn. Dette synest gruppa Nova var særs interessant, og me diskuterte korleis dette kunne ha påverka ein organisasjon som Kolibri. Eit døme på ein litt anna struktur enn det ein ofte er vant til, er strukturen i “children’s parliament”, som er ein del av Nelseon Mandela sitt barnefond.
http://www.nelsonmandelachildrensfund.com/
Som ein avslutting på innlegget kan me konkludere me at å snevre inn var vanskegare enn me trudde. I staden for innsnevring har det heile tida blitt opna for nye moglegheiter. Målet vidare er å fordøye all informasjonen me har fått, og samtidig byrje å snevre det me har no såpass inn at det er mogleg for oss å gape over det.
—Gruppe Nova
No comments:
Post a Comment